Barnas OL

Høre skule arrangerte Barnas OL-dag 11.februar.Vi hadde mykje forarbeid og gjennomførte uthaldenheitstrening med snømåking og løypetråkking. God trening for alle astronautar :-)
Det vart ein strålande OL dag for dei 120 elevane i kommunen. Elevane representerte all verdas deltakarland, og gjekk med sitt lands flagg under innmarsjen. Deretter var det opningsseremoni, dans og velkomsttale. Alle elevane gjennomførte skøyteløp, skiskyting, kulekøyring og hopp. Ein strålande dag med stor aktivitet og idrettsglede.

Hopp
Innmarsj
Kulekøyring
OL ilden tennes
Opningsseremoni
Skøyteløp
Skøyteløp
Hopp
Countries:

Comments

Barnas OL gav rom for mykje

Barnas OL gav rom for mykje trening av uthaldenheit og styrke. Intervalltrening i form av snømåking og tråkking av kuler er krevande: 1 minutt måking, 1 minutt tråkking og fem repetisjonar før det var nokre minuttars pause og same opplegget ein gong til.

http://www.avisa-valdres.no/sport/article7163326.ece